|
Hjartdal Omsorgssenter og Heimebaserte tenestar Fagsystem: Profil - som er delt i to baser; sakhandsaming m/postjournal og pasientjournal I basen for sakshandsaming/postjournal blir det arkivert søknadar og vedtak. Dette går direkte til VSA (Visma samhandling arkiv). I basen pasientjournal kjem all dokumentasjon på helsehjelp som notat/epikriser/blodprøvesvar og liknanade frå sjukehus og legar inn elektronisk. Her tar K-ikt uttrekk av database hvert 3. - 5. år. Anna dokumentasjon av helsehjelp som til dømes medisinlister og liknande blir lagt i papirjournaler. Noko papir blir òg skanna inn i Profil, som diverse lister og tvangsvedtak. Pr. September 2020 ligger det ei sak i Elements (søknad om teneste), den er lagt der fordi denne personen har ei anna heimkommune og er ikkje brukar av våre tenestar. Etter pasienters død blir papirjournalane arkivert ei stund før dei leverast til sentralarkivet (kommunehuset) for bevaring. Sentralarkivet sender vidare til Depot når tida er inne. |