|
Arkivtenesta i Stord kommune er lagt til Fellestenester Det operative (utøvande) ansvaret for arkivtenesta er lagt til arkivleiar. Arkivleiar er arkivfagleg overordna einingane og skal gi rettleiing og føre tilsyn med arkivdanning og bevaring i kommunen. Arkivleiar rapporterer til Rådmannen si leiargruppe ved personal- og organisasjonssjefen. Einingar med spesialarkiv er eigne arkivskaparar. Det operative ansvaret for spesialarkiva lagt til den einskilde einingsleiar. Arkivleiar rettleiar einingsleiarane i Stord kommune innafor dei til ein kvar tid gjeldande lovar og reglar som gjeld arkiv og dokumentforvaltning. Arkivleiar utarbeider og vedlikehald rutinar og rettleiing for korleis dokumentforvaltninga skal skje i heile verksenda. Stord kommune, 13. mars 2022 Tommy Johansen Kommunedirektør |